24. apr. 2012

Leiteleilegheita

Førre helg mista eg lommeboka mi. Eg hadde berre med meg lommebok den dagen, og endte med å ringe både politi og taxi, før eg innsåg at den rett og slett måtte ha blitt tatt. Eg fekk meg nytt skysskort, og etter å ha utsett det til det ytterste, bestilte eg til slutt nytt visakort også. Lommeboka var jo borte vekk. Heilt til eg plutseleg (!) støvsuga rommet mitt, og den dukka opp under senga mi, under ein pose. Det må vel nemnast at fleire enn ein person hadde spurt om eg hadde leita under senga. Minst ei blei nekta å dobbeltsjekke under den for meg, for det var så støvete der.

Moralen er vel at eg bør støvsuge oftare. Eller leite betre neste gong.

I går leita vi etter frøken sambuar sin kniv (forklaring følgjer ved eit seinare høve). Etter å ha leita ei stund, byrja eg med ein anna kniv, som eigentleg var ekstremt dårleg. I mellomtida passa eg på å mase ganske mykje. Til slutt meinte frøken sambuar at eg var litt for streng, og dessutan at eg pressa ho litt for hardt.

I det ho skulle pakke sekken for dagen, kommenterte ho at ho fekk no sjå litt ekstra etter den kniven då. "Pf", sa eg, "no har eg gitt opp". To sekund etterpå låg kniven framfor meg.

Moralen er altså ikkje at eg bør støvsuge oftare.
Den er: Leit ein ekstra gang. Utan forventningar om å finne noko. Flaks!

Ingen kommentarer: