kva gjer ein når ein eigentleg har lyst å sitte ute i sola saman med fine folk, men må sitte inne fordi ein skal vere fornuftig student (framleis saman med fint folk då, det skal seiast)? ein svarar på spørsmål frå mariell, berre for å lyse opp kvardagen litt:
1. om du berre fekk eta éin sak til frukost resten av livet, kva skulle det vera?
eigentleg er det ikkje så nøye kva eg et til frukost, så lenge eg har kaffien min. men eg trur det måtte blitt rundstykker med egg. veldig mogeleg at eg svarar det berre fordi det var det eg hadde i dag tidleg. men det er godt då.
2. reise jorda rundt med dei samme folka resten av livet eller bu i samme hus til du dør?
bu i same hus til eg døyr. utan tvil. blir jo så lei av folk (neida) (joda), og treng variasjon i mennesker. eit liv utan flytting skulle eg lett likt veldig godt! kunne berre pussa opp litt innimellom.
3. éin sak du skulle ønska at var sunn?
chips. hadde bytta vekk sjokolade med chips kva dag som helst.
4. regn fire dagar i veka heile året eller aldri meir sjå eit kirsebærtre?
hm. eg har ikkje noko mot regn eigentleg, men så har eg heller ikkje noko spesielt forhold til kirsebærtre. og eg trur at eg ville tenkt mykje på at det var min feil at det regna, meir enn eg ville tenkt på at eg ikkje fekk sjå kirsebærtre. så eg ville valgt å aldri meir sjå eit kirsebærtre.
5. din favorittblogg?
tegnehanne sin
6. den filmen som du ser når du er heime aleine for helga og du kokar kakao og et knekkebrød eller kjøpepizza til middag?
då er det veldig sjeldan eg ser film altså. som regel ser eg ein serie, viss eg ser på noko. eventuelt ein grinefilm, som my life without me eller Stepmom.
7. kva er det siste du gjer før du sovnar?
ofte ser eg ein episode med how i met your mother. og heilt til slutt skriv eg "eg sovnar, eg. natta (...)"-melding.
8. kvifor er din beste venn din beste venn?
derfor. eg trur ikkje eg kunne valgt kven som var min besteven av mine næraste vener, men eg tykkjer at alle er perfekt rare. så det er kanskje difor.
9. største guilty pleasure?
fjåsete reality på tven
10. leva eit liv utan frukt eller aldri få ha gardiner?
aldri få ha gardiner. men denne var vanskeleg. og viss dette betyr at eg aldri kunne hatt noko framfor vindua, så ville eg tatt eit liv utan frukt.
11. om du fekk lov til å få ein heilt kroppsdel ekstra, kva skulle det vera og kvar skulle du ha den?
eg veit ikkje om eg ville hatt ein heil kroppsdel ekstra. isåfall måtte det jo vore eit ekstra auge i nakken, men det er jo litt uoriginalt. seier det likevel.
svar viss de vil. men ikkje viss de ikkje vil.
2 kommentarer:
Et øye i nakken? Hallo?! Øyet må sitte på lillefingeren. Det sier seg selv.
Dette har vi snakka om før, Monika.
Det er ikkje alltid det er så praktisk.
Legg inn en kommentar