av og til møter ein kanskje på utfordringar av typen "stå som toppkandidat på lista til sv i bremanger kommune", og å vidare kome inn i kommunestyret i bremanger kommune. ei stor ære. då må ein tenkje litt over kva ein skriv i privatbloggen sin, og kanskje lage ein politisk blogg samtidig. denne finn du på link rett under her, men samtidig kan de merke dykk at alt tyl og tøys og rare greier som blir skrive om her, er det eg meiner. eller kanskje meiner. eller berre tøysar med at eg seier at eg meiner. det er iallfall ikkje det sv meiner, og veldig ofte er det både ironisk og alt for overdrive. ikkje bruk det mot meg. eller sv. nyt dagen! ;)

fredag 13. januar 2012

great minds think alike

Då frøken sambuar og eg var på butikken her ein dag, tok det omtrent trettiein minutt frå vi kom heim til vi kom på to ting vi hadde gløymt å tenkje på å kjøpe. Tørkerull og steikeovnsvask. Vi skreiv desse to tinga opp på tavla vår, og sidan dei to tinga sto der då eg gjekk på skulen i går, tenkte eg at eg skulle kjøpe det då eg var på butikken. Dette gløymte eg sjølvsagt (for det sto ikkje på lista eg skreiv litt seinare på dagen), men på veg frå butikken gjekk eg forbi ein blomsterbutikk, kom på at vi hadde behov for blomsterpotte og kjøpte det.

Då eg kom heim igjen, sa frøken sambuar: "eg har kjøpt tørkerull og steikeovnsvask". Søren, tenkte eg, det gløymte eg jo å kjøpe. No gjorde sjølvsagt ikkje det noko, sidan ho hadde kjøpt, og då eg skulle sjå bort på tavla vår for å sei "det tenkte eg på, men eg gløymte det", såg den plutseleg slik ut:


Flaks.