26. jan. 2012

Bankkontom

for nokre veker sidan fekk eg stappa eit bilete og nokre ord inn i firdaposten att. desse orda kom såg slik ut, og kom i denne rekkjefølga (ja, det er overskrifta eg er mest nøgd med, og ja - den har dei (les: avisa) forandra på - but what can we do):



Bankkontom
Eg er student. Dette året er (heldigvis) mitt siste som fulltidsstudent, og eg ser verkeleg fram til å jobbe. Ikkje fordi eg har noko mot å skrive oppgåver (eg likar då å skrive) eller å ha førelesningar (det er utruleg kor mykje ein får gjort i løpet av ei økt med dårlege førelesingar), men fordi eg er lei av å ha ein bankkonto som aldri held på pengane meir enn nokre timar kvar gong eg er så heldig å få noko inn. Legg eg saman faste utgifter ein månad, og trekk summen frå det eg får i stipend, så er det ikkje råd til så mykje som ein liter mjølk ein gong. No drikk eg heldigvis ikkje mjølk, men utruleg nok er det lite ein får kjøpt gratis for tida.

Heldigvis har eg hatt alt for god tid til å venne meg til dette studentlivet, og difor har eg mine triks. Og, heilt gratis, skal du få desse av meg: Eg saumfarar tilbodsaviser, skriv middagsliste, handlar det billigaste eg kan (unntatt når det kjem til dopapir. Alvorleg talt) og prøvar å ta god vare på tinga mine. Under førelesinga i dag skreiv eg middagsliste som skal vare ut januar, til dømes, før eg gjekk til innkjøp av resten av vekas varer. Eg er rett og slett utruleg fornuftig. Dette kjem sjølvsagt frå fleire års erfaring. Eg veit at vegen til ein grandiosa er svært kort etter skuledagen ein sein onsdagsettermiddag, og då er det godt når det allereie er planlagt at laksen som var på dagstilbod på måndag skal lagast til middag. Ikkje berre er det billigare, men eg vil påstå at det er omtrent nitten gongar betre. Altså ligg alt til rette for at eg skal klare å ete ganske grei mat nesten kvar einaste dag, til litt mindre pengar. Berre ved å planleggje.

(Dersom du lurer på om det er tilfeldig at eg brukte laks som døme akkurat der, så er det ikkje det. Det er heilt og haldent for å skryte litt, og slik at familien min skal sjå det. Ja, også var det nettopp det eg hadde til middag rett før eg sette meg ned for å skrive dette.)

I mange år har eg dessutan hatt ein del frivillige verv. Desse er kanskje ikkje betalt, men ein får mat på dei fleste møta, og då er det berre å hamstre så mykje som ein klarar. Det er kanskje ikkje så kjekt å ta det sjette rundstykket for dagen, men med eit sjarmerande smil og ein kommentar om studentøkonomi, så kjem ein unna med det meste. Høgskuletilsette tener som regel litt meir enn det den årlege studielånutbetalinga er, og innser at det er lurt å vere forståeleg om dette med økonomi, slik at dei får noko tilbake att når vi studentar skal uttale oss om dei litt viktigare tinga. Plutseleg er mat gratis. Det er jo sjølvsagt arbeidet eg gjer som frivillig også, men det vel eg å ikkje påpeike.

Eg kan altså nokre triks for å gi meg sjølv eit så godt utgangspunkt som overhodet mogeleg. Likevel er det triste saker å sjekke bankkontoen, og det spesielt i januar når alt som skal betalast er betalt. Og det er då eg klarar å gjere alle dei tinga som får triksa mine til å svinne hen. Når det høver absolutt dårlegast klarar eg alltid å glippe ein av sminkene mine i golvet slik at dei knuser. For nokre dagar sidan presterte eg å søle brun saus på datamaskina mi, noko tastaturet protesterar kraftig mot. Eg fekk brannsår på nyttårsafta (av eit stjerneskot, slå den!) med påfølgjande apotekutgifter, og i dag tidleg mista eg ei salve oppi den nylaga kaffikoppen min. No er kanskje ikkje kaffi så dyrt, men i harde tider er det den einaste kosen eg har. Så eg drakk den likevel. Og dersom DU ikkje drikk kaffi akkurat no, så tykkjer eg du bør lage deg ein god kopp og nyte litt billig kos – for det er godt det og! God laurdag!

0 kommentar(ar):