- det er snart slutt.
neida. eg skal sjølvsagt gjere dette på ein fin måte, nemleg gjennom bloggen. månad for månad. dette betyr jo at eg kan lese gjennom mine eigne gamle blogginnlegg, og at eg kan le litt av (ikkje med) meg sjølv. det vil seie at eg hoppar over blogginnlegg der eg skreiv om kor utruleg dårleg student eg var og slik, og berre fokuserar på alt det dritpositive. hurra for nyttår!
januar:
- eg var litt flink student (ikkje les relaterte blogginnlegg!)
- eg drakk kaffi frå kaffimaskina og såg ellen degeneres show (forresten tv2. kor er det blitt av ho?? eg må vel snart til å maile tv2 om dette.)
- eg hadde bloggbare samtalar over ein låg sko
- eg fekk meg ny t-skjorte (bli organdonor!)
- skreiv positive-ting-med-2011-liste (og klarte nummer 1 nokre gongar, nesten nummer 2 (hadde iallfall ein bra 17.mai!), kanskje litt nummer 4, halvvegs nummer 5, nummer 6, NUMMER 7 (!!!), 8, 9 og 10. Yey me!)
- eg såg min eigen dåpsfilm og blei teikna som fomle
februar:
- eg fekk afrohår, noko folk kommenterte (og
neste år blir Rockeulven sett opp på DNS. tilfeldig? NEPPE!)- eg fekk t-skjorte av favoritten min
- eg var konferansier på ukm i Bremanger
- eg fekk vere Belle på jobb
- eg flytta
mars:
- eg innsåg at eg hadde lært vekk noko nyttig (flaks, sidan eg skal bli lærar)
- eg lagde hardudetideg-film
- fekk meg stumtjenar og vaffeljarn.
- eg tenkte at eg hadde eit koseleg nabolag.
må forresten leggje til at eg ikkje har sett den trivelege butikkmedarbeidaren igjen. før eg var innom eit par dagar før jul. då spurte han meg om eg ikkje skulle heim til jul. "ja, for det var Svelgen du var frå?", sa han. korleis han hugsa det sidan mars anar ikkje eg, men eg blei imponert.
april:
- eg var på framtidsfylketreff i Grieghallen, der vi blant anna fekk sjå fin film
- eg blei listetoppen til sv i bremanger.
- eg hadde ei grådig fin påske i Svelgen, blant anna gjekk vi tur

mai:
- sannsynlegvis århundrets finaste 1.mai, med sol - fine folk - park - mat - drikke <3
- kaffi (var godt heile året)
- kjøpte meg (endeleg) ei ny t-skjorte.
- var innom teateret
- eg leika i konfirmasjon
- Kristin kom tilbake frå USA! ikkje berre kom ho, verdas kulaste skilt var med.
juni:
- eg viste kor god eg var på bursdagar, ved å gjette litt
- ...og var også flink til å gjette andre ting
- eg klippa meg kort
- eg såg pacific blue
juli:
- eg hadde det kvardagskjekt
- eg laga komler for fyrste gong i mitt liv
august:
- eg hadde artige samtalar på jobb- eg fekk meg (for å variere) ny veske, og blogga om både kjole og smykke- eg hadde fine politiskstøttande vener som var høgt og lågt i nordgulen
- eg var i parken
- eg hadde lærarhumortavle med lærarhumorsambuar

september og oktober:
- eg hadde mykje fint i bursdagskalenderen
- disneysamlinga mi blei fullstendig og eg fekk meg vasspipe
- var i amsterdam
- hadde bursdag, og fekk plutseleg bursdagsfest
- hadde ein perfekt sundag med fine folk

november:
- eg sette opp hylle over veggklistermerket mitt, i fleire omgangar
- blei revysjef og fekk rydda litt.
(dessverre fekk eg ikkje rydda nok til at det blir høgskolerevy i 2012. det går rett og slett ikkje. dritkjipt.
men eg har teke på meg å rydde meir i all dritt som ligg att frå tidlegare år, slik at det blir revy i 2013.)
- plutseleg var det advent
desember:- eg blei endeleg ferdig med nextgentel (fekk vel strengt tatt siste mail i går)
- eg byrja å levere fritt til firdaposten
- eg har kanskje sagt opp jobben min, men får framleis rydda litt - heldigvis.
...og her er vi no. snart er det nytt år, noko som også betyr nye teaterstykker (og neste år skal eg bli flinkare til å blogge om dei. har totalt svikta i år). eg byrja å grine eit lite sekund under lanseringa som eg såg frå salen på den nationale scene, og ser verkeleg fram til det. årskortet fekk eg til jul, og dei fyrste billettane er allereie kjøpt. og. som alltid: gi eit pip då, så går vi saman på teater. godt nyttår!
0 kommentar(ar):
Legg inn en kommentar