Då eg flytta inn i leilegheita mi, bestilte eg internett frå Nextgentel. Dei hadde bra internett til ein okei pris, og eg såg ingenting negativt ved å ha deira internett. Og det gjekk forsåvidt greitt å ha internett gjennom dei. Litt ustabilt, kanskje, men ikkje verre enn at eg overlevde det. Problema kom då sameiet mitt bestemte seg for å ha ei fellesavtale på internett og tv, sånn at vi fekk kabeltv, og eg måtte seie opp.
Det fyrste som skjedde var at Nextgentel informerte meg om at eg hadde 12 månedar binding på mitt abonnement. Dette protesterte eg på, sjølvsagt, for dette hadde eg aldri høyrd noko om, men ho meinte at det hadde stått i ein mail. Eg avslutta samtala med "nei, det har eg ikkje - men eg må uansett sei opp." Så eg hadde sagt opp. Også fekk eg ei rekning. Det vil seie, det var ikkje ei rekning. Det var ein kredittnota. Dei skulda meg femtifire kroner. Hurra, tenkte eg, det er jo ei øl. Så gjekk det ei lita stund, også fekk eg purring på den kredittnotaen. Dette var jo litt uforståeleg, så eg sendte dei ein mail og lurte på kvifor eg hadde fått purring på ein kredittnota. Det eg skreiv var vel omtrent dette: Hei, eg ser at eg har fått purring på denne rekninga, kvifor det? Også sendte eg ved informasjonen om kredittnotaen, som hadde det fakturanummeret som purringa var skrive til. Fekk dette i svar: Det er ikkje ei rekning, det er ein kredittnota.
Så eg svarte igjen. Og då skulle ein tru at det gjekk an å svare på mailen, sidan vi hadde ei samtale gåande. Nei. Eg måtte logge inn på profilen min hjå dei, og trykke tusen gongar for å finne kontaktskjemaet slik at eg kunne ta kontakt.
Og ja, eg kunne ringt, men det har fleire gjort - og det er faktisk så dyrt at eg likegodt kunne betalt purringa.
Eg tok kontakt igjen, skreiv at eg visste godt at det var ein kredittnota, og at det var difor eg spurte. For kva var det eigentleg dei purra på? Seg sjølv?
Så gjekk det ei lita stund utan at eg fekk noko svar. Eg fekk derimot ei ny rekning, med det same nummeret, på over firehundre kroner, som var for bruk av internett i september. Dette til tross for at eg hadde sagt opp mitt abonnement, sånn at det blei avslutta 31.august. Eg sendte ein ny mail og lurte på kva dei dreiv med der. Fekk ein ny kredittnota, denne gongen på 180 kroner. Så fekk eg svar. Då skulda eg dei 240 kroner. Så eg spurte igjen kva eg eigentleg skulda dei for. Skulle tru det var lett å svare meg på. Men nei, igjen tok det ei stund. Og med ei stund meiner eg to veker. Innan dei to vekene var gått, hadde eg også fått inkassorekning. På den summen eg hadde etterspurt kva var for. Eg sendte ein ny mail og lurte på kva dei no hadde føre seg, og ringte samtidig inkassoselskapet.
Inkassoselskapet sa at dei stogga rentene, og at dei venta på at dei skulle ta kontakt når vi var ferdige med diskusjonen om betalinga.
To veker etterpå fekk eg ei vag forklaring på kva eg no skulle betale for. Der dei plutseleg hadde putta inn ein sum fordi eg hadde brote bindingstida. Akkurat då var eg eigentleg ganske lei, men sidan summen eg skulle betale var 240 kroner, og det eg måtte ut med for å bryte bindingstida - noko eg ikkje visste noko om - var 750 kroner, så måtte eg jo spørje. Så eg spurte når eg eigentleg hadde fått beskjed om at eg hadde bindingstid. Fekk svar om at alle abonnementa deira hadde det.
Javel, svarte eg, og når fekk eg eigentleg beskjed om dette? Jo, det hadde eg fått på mail. I avtala vi hadde. Sidan eg aldri kunne hugse å ha lese dette, så sendte eg ein ny mail der eg spurte når eg hadde fått dette på mail, for eg kunne ikkje finne det i avtala vår. Svaret eg, etter to veker, fekk, var: "Vi har sendt det til deg på denne e-postadressa", også hadde dei skrive e-postadressa mi. Ja, for det var verkeleg e-postadressa mi eg ville vite kva var, sliter jo veldig med å hugse den.
Uansett. Eg skreiv ein ny mail og lurte på kvifor dei sleit så mykje med å svare meg på dato. To veker etterpå fekk eg ein ny mail om at det var i avtala vår, og då fekk eg faktisk ein dato. Eg fann datoen, sjekka avtalen. Der sto ingenting. Men så såg eg at det låg ved ein ordrebekreftelse, og der sto det: Binda i tolv månedar.
Så eg gjekk inn for å betale rekninga, opna den på min profil på nextgentel sine sider, og der sto det ein heilt anna sum. Fann chatsida deira, lurte på kva dei meinte, fekk beskjed om at eg kunne forandre summen, gjorde det, og fann samtidig fram eit nytt skjema for å ta kontakt med dei. Der skreiv eg at eg no hadde betalt den summen dei prata om, at eg meinte det var for dårleg informert om bindingstida, og at eg forventa at dei tok kontakt med kredittselskapet for å avslutte den saka. Etter to nye veker kunne dei svare meg, der dei beklagde at dei informerte for dårleg om bindinga, også sa dei at eg sjølv måtte kontakte kredittselskapet.
Ringte kredittselskapet, men dei hadde sjølv avslutta saka. Så eg trudde eg var ferdig med dette. Heilt til eg i går fekk ei ny rekning frå Nextgentel. Ei ny purring. fordi eg hadde betalt for seint. Eg har sjølvsagt sendt ein ny mail. Dei foreslår at eg skal ringe dei, men det kan dei hoppe og drite i. Forhåpentlegvis får eg eit svar før betalingsfristen. Men eg tvilar.
Og kvifor eg skriv dette? Fordi eg håpar at folk googlar når dei skal ha seg internettabonnement, les dette og innser kor idiotisk teit selskap nextgentel er. Eg anbefalar og Chris sitt nextgentel-innlegg her.
av og til møter ein kanskje på utfordringar av typen "stå som toppkandidat på lista til sv i bremanger kommune", og å vidare kome inn i kommunestyret i bremanger kommune. ei stor ære. då må ein tenkje litt over kva ein skriv i privatbloggen sin, og kanskje lage ein politisk blogg samtidig. denne finn du på link rett under her, men samtidig kan de merke dykk at alt tyl og tøys og rare greier som blir skrive om her, er det eg meiner. eller kanskje meiner. eller berre tøysar med at eg seier at eg meiner. det er iallfall ikkje det sv meiner, og veldig ofte er det både ironisk og alt for overdrive. ikkje bruk det mot meg. eller sv. nyt dagen! ;)
3 kommentar(ar):
Dei har eit lilla kontor på Sandsli! Face-to-face!
Skrekk og gru. Deler av årsaken til at jeg nå har hvit telefon, er at jeg hater å bruke tid på å ordne opp i feil. Virkelig hater. Nextgentel hadde tatt livet av meg med den saken. Siden du er så tålmodig, skal jeg fra nå oversende alle slike saker via deg.
JADDA! :D Siste mail avsendt til nextgentel: for eitt minutt sidan.
Legg inn en kommentar