5. des. 2011

heimeeksamen

(=blogging)

Eg er møkklei. For å sei det sånn: det er over ti timar sidan vi fekk oppgåva. Bortsett frå den obligatoriske eksamensryddinga, er det oppgåveskriving eg har drive med i dag. Sidan frøken sambuar driv med tentamensretting, har vi bestemt oss for å holde på til klokka åtte i dag. Det nærmar seg stadig.

Då klokka mi viste 19:24, fann eg ut at eg skulle sette inn ein siste liten arbeidsinnsats. Eg heiv meg over ein av bøkene og sette i gong. Då eg meinte det måtte ha gått litt tid, såg eg desperat på klokka på dataen - også viste den 19:25. Det hadde altså gått eitt minutt. Eg forsto ingenting. Klokka kunne då ikkje gå seint!?

Og nei, det kunne den ikkje. Det viser seg altså at dataklokka mi, den rakkaren, har bestemt seg for å stogge. Den står framleis på 19:25, den - men eg aktar å følgje ei anna, slik at eg kan gi meg om sju minutt. Eller seks.

1 kommentar(ar):

Magnhild sa...

Hei Isabell :-) Beklager dette ikkje har noko med innlegget ditt å gjøre. Kom over bloggen din når eg søka på kuldeallergi.... har det sjøl, men kjenner ingen andre som har det, er derfor interesert i og komme i kontakt med deg kanskje dele litt erfaringer? min mail adr er: mdubland@hotmail mvh Magnhild Dubland