
her er min debuttekst:
«Jaja, fint vêr»
Då eg blei spurt om det kanskje kunne vere interessant for meg å skrive litt fritt til firdaposten, skjedde noko som alltid har skjedd meg i slike situasjonar. Tidlegast på barneskulen, viss eg skulle «teikne kva eg ville», kan eg hugse at eg hadde eit problem. Kva i alle dagar skulle eg teikne? Det same skjedde altså denne gongen: hjernen min blei fullstendig blank, og eg hadde ikkje ein einaste idé om kva eg kunne skrive. Så då valde eg den same løysinga på dette som eg gjer når eg møter folk og vi ikkje har noko å snakke om: eg valde å skrive om vêret.
I desse Berit-tider kan eg jo nesten påstå at eg er aktuell, iallfall post-aktuell, sidan Berit har reist att. Men det er eg eigentleg ikkje. Kvifor ikkje? For viss eg ikkje hadde hatt media, Facebook og Twitter, så ville eg ikkje visst at det hadde vore storm ein gong. Litt vind, kanskje, men eg har då vekse opp i Svelgen. Dersom det ikkje raser takstein frå nokre hus, så veit vi knapt at det har blitt haust. Ein viss forskjell må det jo vere frå sommaren.
Då eg gjekk på folkehøgskule på austlandet, var det ein dag det var litt vind. Eg var på veg inn til undervisning, då ein av mine medelevar, som hadde kome køyrande frå Oslo, svært opprørt utbraut: «Det blåser så UTROLIG ute, det var like før bilen ble blåst av veien altså! Det er orkan, tror jeg! Seriøst altså! Sykt!». Vi frå Sunnfjord såg på kvarandre, såg ut, såg på kvarandre igjen, smilte lurt og lurte på om vi hadde høyrd rett – det var jo knapt litt rørsle i tretoppane. Seinare den dagen prata eg med mamma i telefonen, som var heime i Svelgen, og som kunne fortelje at den store trampolina til naboen hadde blitt tatt av vinden. Sånt som skjer.
Men. Til tross for at eg tykkjer vind er ein bagatell, var eg litt skeptisk til båtturen heimover til Sunnfjord for halvanna veke sidan. Eg tek alltid båten heimover, for å vere effektiv med skulearbeid (som eigentleg betyr at eg ser ein film eller to, men ikkje sei det til mor mi. Eller lærarane mine), men eg må innrømme at når båten nokre gongar ligg sidelengs i bølgjene, så er det ikkje så kjekt. Då kan ikkje ein gong kaffikoppen stå framfor meg – og er det noko eg likar, så er det å ha ein kaffikopp framfor meg.
På denne båtturen fekk vi to beskjedar på høgtalaren om at det «var litt sjø». Eit grådig rart uttrykk forresten, for det er jo klart at det er litt sjø når vi er i ein båt, noko anna ville vore utruleg tåpeleg. Men uansett. Vi fekk beskjed om å feste alt vi hadde av verdiar og ting som var tunge for andre å få i hovudet, og eg prøvde å psyke meg opp til ein båt som kom til å loope i sjøen. For å gjere ei kort historie kortare: Eg blei ekstremt skuffa. Bølgjene vi trefte, var så små og keisame at eg framleis ikkje kan skryte på meg noko spanande møte med Berit.
Eg trur det var nokon som overhøyrde at eg tøffa meg over at Berit var ei pingle, såg i boka si, slo opp på «kva vêr hatar Isabel?» og sendte oss snø. Snøen kom iallfall så brått på alle at bussane står, bilane burde stå og eg står med snø til magen. Eg kunne sagt mykje om kor teit eg tykkjer folk er når dei blir like overraska over at det kjem snø på denne tida kvart år, men skal eg vere heilt ærleg, så har eg ikkje verken sko eller jakke som høver til dette vêret. Så eg tek meg ein kopp te, tenner nokre stearinljos, setter på julemusikk, hiv over meg eit teppe og saknar Berit. God førjulstid!
1 kommentar(ar):
Tar vind og regn hver gang hvis det andre valget er snø.
Legg inn en kommentar