18. feb. 2011

spørsmål

førre helg var eg konferansier på ungdommens kulturmønstring i Bremanger. i den samanheng tenkte eg at eg skulle lage til spørsmål til alle deltakarane, som på ingen måte hadde noko med saka å gjere. eigentleg kunne eg hatt same spørsmål til alle, men for å bevare spenninga, laga eg sytten spørsmål, eitt til kvar av sceneinnslaga. det vil seie at nokre av spørsmåla gjekk til heile grupper, og nokre til ein person. men det kunne vi leve med. sidan eg akkurat har levert disposisjon til rettleiaren min, og ikkje orkar meir masterskriving før eg skal på jobb, tenkte eg å skrive ned alle spørsmåla og svare på dei sjølv. berre fordi det er teit.

- kva er yndlingsfargen din?
lilla. også likar eg igrunn grådig godt alle fargane. nesten.

- kva er yndlingsfaget ditt? no er det sjølvsagt drama, men eg var grådig glad i det meste. til dømes gym, norsk, matte og samfunnsfag.

- kva farge har du på sokkane?
eg har knallrosa sokkar med svarte striper og ein katt. katten på høgre fot er forøvrig ulik den på venste fot. likar det!

- kva er yndlingsdrikka di? kaffi.

- kva er yndlingsdyret ditt?
ilder, sjiraff og kenguru.

- kva årstid likar du best?
sommaren. utan tvil. våren er okei òg.

- kva farge har du på soverommet dit?
i svelgen er det lilla, elles er det kvitt.

- kva er stjerneteiknet ditt? vekten.

- kva er yndlingsmatretten din?
vanskeleg. wraps med marinert kylling, komler, kjøttkaker. det er altså mykje, sjølv om eg er grådig kresen.

(det var omtrent her eg satt heilt fast, noko resten av spørsmåla kan bere litt preg av)

- kva er din favoritt av dei geometriske figurane?
sirkelen.

- kva et du til komler?
sukker, sirup og smør. også et eit smør og pølser.

- kva mann er kjekkast i verda?
johnny depp.

- kva kvinne er vakrast i verda?
sara ramirez. men det finnest grådig mange vakre kvinner altså.

- kva bilmerke er tøffast?
boble. det er kanskje ikkje eit merke, men det driter eg litt i.

- kva er yndlingsblomen din?
solsikke. rett og slett. og kvite liljer er grådig fine.

- kva er yndlingstalet ditt?
det var sju, veldig lenge. no trur eg det er tretten.

- kva farge er det på gardinene dine?
her er det berre svarte persienner. men eg hadde nokre kvite med dyr på då eg budde i c. sundtsgate. dei var fine.


etter at eg var ferdig med min jobb, satt vi saman ved eit av borda i salen. då snakka vi om alternative spørsmål, til dømes:


- kva type fugl likar du best?
iallfall ikkje due! eg trur kanskje at eg må seie struts her.

- kva er ditt yndlingsbestikk?
to av oss som satt der, braut ut "gaffel" med det same. eit narturleg val, for gaffelen er jo enormt kul. rett og slett. det finnest kanskje praktiske grunnar til å velje noko anna, til dømes suppeeting og brødskivesmøring, men dette spørsmålet har eg tenkt mykje på i ettertid. og det finnest ikkje tvil altså. drit i det praktiske, gaffelen er kulast.



i ettertid fann òg eg fleire spørsmål eg kunne spurt om, eit døme er:

- kva er din yndlingsdisneyfigur?
min er fomle. på andreplass kjem lumiere (lysestaken i skjønnheten og udyret)

plutseleg hadde eg tjue spørsmål. alle som les kan sjølvsagt svare på desse spørsmåla, då eg tykkjer det er særs artig å høyre svara til folk. ;) god helg!

2 kommentar(ar):

randomdaydreamin sa...

Hei! Jeg har faktisk svart på alle spørsmålene dine og siden jeg ikke gadd å svare på alt i et kommentarfelt ble det til et eget innlegg :)

Maria sa...

http://www.eiforandring.com/2011/06/regnboga.html

:D