torsdag 5. november 2009

plutseleg skreik ho

Det er ein roleg føremiddag. På tv2 har akkurat 7th heaven starta, og kjæresteparet her i huset sit i kvar vår ende av sofaen og prøver å finne noko anna å gjere enn å lese. Difor følgjer vi halvvegs med på den litt ekle, frykteleg dårlege og altfor snille serien 7th heaven. Det er roleg.

Før frøken i. plutseleg (!) ropar "NEI FY FAEN!" så høgt at eg nesten måtte springe ut av rommet. Skulle tru vi vart angripe av romvesen eller veggen plutseleg hadde byrja å dette ned i fanget på jenta, men det var ikkje så gale. Jenta er berre veldig, veldig opprørt av 7th heaven. For bestemora til familien gjekk nemleg med eit stort skjerf av typen burberry. Som i. hatar. Intenst.

Ho hatar det så intenst at ho beinvegs satte seg på golvet framfor tven for å få eit minne frå denne hendinga. Traumatisk som den var.



Frøken i. fekk mellom anna teke med seg desse bileta frå hendinga:





I etterkant blei ho behandla med kaffi, te og kindersjokolade.
...tilbake til studiane no.

3 kommentar(ar):

Hanne sa...

Hehe, eg forventa at ho skreik fordi ho blei så kvalm av den amerikanske, kristne propagandaen. Serien er jo sjuk!

men tilbake til studiane no;)

Isabel sa...

jepp, det ville òg vore naturleg, men vi brukar stort sett berre å le av akkurat DET.

Anne sa...

hihi.. dere er så søte sammen!