onsdag 8. juli 2009

frøken i. og blogglesarane hennar

frøken i. har ein nerdeblogg som støtt og stadig blir oppdatert med litt nerding. På denne bloggen har ho òg ei oversikt som viser korleis folk finn bloggen hennar, samt at ho kan finne ut kor mange som har gått vidare til andre sider, til dømes min blogg. Ved ein gjennomgang av desse to tingene, viser det seg at 84 stykker har gått vidare til min blogg frå hennar blogg, samt at to måtar å finne hennar blogg på er å søkje på "Isabel briller" og "Isabel seier".

Som ei lita gåve, skal eg no presentere dei to "kategoriane" for dei stakkars 84 som har forvilla seg vidare inn på min blogg.

Isabel briller:






Isabel seier:
(eg vel å tru at dette er til bruk på eit slikt "Isabel seier"-notat på Facebook, og presenterer difor ti ting eg ville sagt/seier ofte/har sagt/etc.)
- Isabel seier at ho har kome inn på master i dramapedagogikk
- Isabel seier "bø" når ho skal skremme folk
- Isabel seier ofte ting via sms
- Isabel seier gjerne at ho er glad i deg.
- Isabel seier ofte fine ting når ho meiner det.
- Isabel seier derimot aldri fine ting ho ikkje meiner. Ikkje stygge ting heller.
- Isabel seier jatakk til teaterdeit.
- Isabel seier at du bør stemme SV til hausten. Og at du MÅ stemme noko.
- Isabel seier gjerne "ei øl" eller "eit glas kvitvin" på byn.
- Isabel seier mykje rart. Dette var berre eit utdrag.

0 kommentar(ar):