6. oktober 2008

Eg er ikkje homo. (heller.)

Flesteparten av gongane eg snakkar om kjæresten min, så snakkar eg nettopp om det, kjæresten min. Det er sjeldan eg seier namn og kjærast i same samanheng, og det blir ofte rimeleg kjønnslaust. Til og med er det sånn at når eg snakkar om kjæresten min, og dei eg snakkar med omtalar ho som "han", så snakkar eg berre på vanleg måte.

"Studerar han?"
"ja"
"kva studerar..."
"i alle fall ikkje tysk. Informasjon."

Eg rettar ikkje, eg berre pratar. Latar som eg ikkje høyrer han'et i det heile. Men eg gjer det. Og skjemst kvar gong. Eg veit ikkje kvifor eg ikkje berre seier "ho". "Ho studerar", "eg bur med ho ja." eller "eg har verdas finaste kjærast, ho lagar middag til meg.". Det er ikkje slik at eg trur at folk mislikar det, sannsynlegvis gjer dei jo ikkje det, og viss dei gjer det så er det kanskje like greitt at eg veit om at dei mislikar det. Men likevel. Det lille ordet. Det er liksom litt vanskeleg. Utan at eg veit kvifor. (og utruleg nok gjer ikkje Torill det heller.)

Det same gjeld som regel når eg skal presentere ho, det er sjeldan eg leggjer til "ho er kjærasten min" når eg presenterer ho for nye folk. Til dømes då eg traff min tidelegare dramalærar, det gjekk heilt i stå. Er eg rett og slett for feig? Skikkeleg dårleg homo?

Difor var det både rart, litt ekkelt og skamkult då Monika presenterte oss på innflytningsfesten på laurdag, for ho hadde ingenting å gøyme vekk, og presenterte oss difor som "Isabel. Og kjæresten hennar." Og samtidig som det kribla litt i magen og var litt skummelt, så var det veldig fint.

5 kommentar(ar):

Monica B. sa...

Unnskyld, Isabel - men eg må le litt av deg. "Skikkelig dårlig homo"... hehe. Du skriv fantastisk godt, uansett kva du skriv om. Det er ei glede å følge med på bloggen din.

Isabel sa...

Le i veg. ;P
Takk takk! :) No blei eg glad!

Torill sa...

Det er godt med vener som berre seier det, som kjem ut av skåpet for deg. Tippar det ikkje var nokon som ein gong lyfta eit augebryn.

Men... det er ikkje lett. Du er jo hetero til det motsette er bevist, uansett kor opne og radikale folk er. Så lenge ein ikkje går med t-skjorte med "Ja, eg er lesbisk!" på så trur eg svært få tenkjer at ein er homofil.

Det har dog vorte lettare. tenk på dei som no er gamle, og som f.eks sit på aldersheimen. Ingen veit at dei er homofile, og ingen får vete det heller. Det er gjort undersøkingar om at eldre går inn i skåpet igjen når dei blir pleietrengjande. Det er ganske trist.

Uansett; du er ikkje dårleg homo. Faktisk! Det er ikkje alltid ein gidd, eller tør.

Jepp. Jepp. (det skal seiast at eg skreiv eit anna svar, som var mykje betre fyrst. Så måtte eg restarte!)

Isabel sa...

Ja, eg har det ikkje akkurat vanskeleg. Det er berre litt teit av meg..

Torill sa...

neh, det er ikkje teit. det er heilt vanleg, kven har det ikkje slik liksom?