16. mars 2012

"Den som spiser gulerøter, knekkebrød og peppernøtter, tyttebær og bjørnebær og kålrot og persille..."

Korleis det går med grønsaksetarprosjektet mitt, seier du? Eg lar bileta frå lunsjen min på kommunestyremøtet i går tale for seg sjølv. 




Så snart skal eg vere snill mot dei eg kjenner, og få mange gode vener og få like fine tenner som ei krokodille. Det går nemleg framover. Fort og gale. Og artig!

Helsing Isabel. Snart ferdig med blomkålveka.

29. feb. 2012

Eit prosjekt

Vi har eit prosjekt. Sidan eg er tjuefem år, og det einaste eg et av grønsaker er grøn salat (til dømes isbergsalat), jalapeñio, sukkererter og poteter. Det blir strengt tatt for dumt. Så eg har eit grønsakseteprosjekt, der eg skal lære meg å ete grønsaker. Regelen er at eg ikkje har lov å sei at eg ikkje likar det før eg har smakt det minst sju gongar. Unntaket er lauk (som eg strengt tatt har smakt minst sju gongar den siste tida).

I løpet av den siste tida har eg i den samanheng smakt (med karakterar i parantes):
- brokkoli (tre, men absolutt etande i middagsrettar. kanskje sterk trear)
- sopp (svak to - men sterk to i wok)
- agurk (sterk firer. skal slutte å plukke den av brødskivene på skulen)
- paprika (to til ein)
- chili (seks)
- cherrytomat (fire, men får trekk for rar konsistens)
- selleri (treer)

Dessutan har eg smakt på sushi. Dette er stort for ei som eigentleg berre et stekt/ovnsbakt fisk, for eg spiste det både med laks og krepsehale. To gongar har eg faktisk ete det. Er ikkje overbegeistra, men det blei betre frå gong ein til gong to, så eg skal berre fortsette å prøve.

Mamma og eg hadde denne samtala angåande sushi:



(det finnest ikkje ord som kan beskrive kor deilig det var å endeleg vere den som SA "Du har jo ikkje smakt det, så det kan du ikkje sei.")

9. feb. 2012

så er det på'an igjen

i morgon skal eg levere fire sider til mattelæraren min. så langt har eg kome:



så då..... har du noko eg kan blogge om?